Utstilling

Yuka Oyama: The Stubborn Life of Objects

«The Stubborn Life of Objects» er eit prosjekt med og av Yuka Oyama som ein del av hennar stipendiatarbeid ved avdeling Kunst og handverk. I samband med arrangementet Oslo Open inviterer kunstnaren publikum til å sjå resultata av hennar stipendiatarbeid med avsluttande utstilling, fotografi, skisser, videoframsyning og kunstsamtale.

Bilete: Yuka Oyama: Cleaning Samurai (2014)
Foto: Attila Hartwig
Design: Brigitte Speich

Arrangement

Opning:

Fredag 15. april kl. 17.00-20.00

Perfomance:

Fredag 15. april kl. 18.30
Laurdag 16. april kl. 16.00
Kunsthøgskolen i Oslo, hovudinngangen

Kunstsamtale:

Onsdag 20. april kl. 17.00
Kunsthøgskolen i Oslo, Auditoriet
Samtale mellom Yuka Oyama og Jørn Mortensen, rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo

Videoframsyning:

Laurdag 16. april – laurdag 23. april, alle dagar kl. 14.00-17.00
Kunsthøgskolen i Oslo, Auditoriet

Utstilling:

Laurdag 16. april – laurdag 23. april, alle dagar kl. 12.00-16.00
Kunsthøgskolen i Oslo, Resepsjonsgalleriet

Om prosjektet

I si siste utstilling i samband med stipendiatprosjektet ved Kunsthøgskolen i Oslo, utforskar Yuka Oyama det samanvevde tilhøvet mellom objekt og subjekt, mellom folk og ting. Hennar kunstnarlege utviklingsarbeid er i feltet moderne smykkekunst og handverk, og derifrå fokuserer ho på bæraren, kroppen, bevegelsane og kordan bevegelsane relaterer seg til objekta.

I løpet av stipendiatperiodee har Oyama utvikla både multimediainstallasjonar, skulpturar og filmar. Ved å sjå på smykker som meir enn eit dekorativt moment, tar kunstnaren opp spørsmålet i verka sine: kva gjer smykker med ein person, og kva gjer ein person med smykker?

I The Stubborn Life of Objects tar Oyama dette spørsmålet vidare ved å la distinksjonen mellom objektet og subjektet oppløysas. Kva skjer når ting veks frå sin funksjon? Kva av tingas ukonvensjonelle eigenskaper spelar inn? Ting blir levande i tankane våre og begynner å krevje endra betingelsar, gjer forholda upraktiske, og får oss til å oppføre oss annsleis. I utstillinga har ikkje berre objekta rolla som seg sjølv, dei skal også visualisere og dokumentere betingelsane i tida vi lever i.

Kunstnarens syn på livet i vår samtid som fullt av underleg mekaniske mellommenneskelege relasjonar og futuristiske menneske/objekt-ritualar er mørkt og dystopisk, likevel inneheld hennes iscenesette gjer-det-sjølv-eksorsisme og psykodramaer med karate-kollegaer, ei gruppe unge vaksne på leiting etter deira yrke, alternative seniorar og trivelege samlarar ein distinkt dose slapstick-humor. Yuka Oyamas hadde si første separatvisning i Noreg då ho viste sine Encapsulation Suits på Oslo Kunstforening.

The Stubborn Life of Objects gir eit overblikk over hennar kunstnarlege utviklingsarbeid og strategiar frå dei siste åra, og kombinerer utvalt forskingsmateriale, skisser, modelldukker, dokumentasjon av offentlege intervensjonar, og fotografi med diverse tekst og visuelle kjelder. Parallelt vil filmverk produsert i løpet av stipendiatperioden bli vist i Auditoriet.

Les meir om kunstnaren på Yuka Oyamas eigen blogg.

Les pressemelding om utstillingen.

Oslo Open

Utstillinga inngår som ein del av arrangementet Oslo Open 16.-17. april der kunstnarar over heile byen innbyr publikum til ateliera og sjå romma der kunsten blir skapt. Atelieret er kunstnaranes daglege arbeidsstad og Oslo Open gjev publikum eit blikk bak fasaden og inn i prosessen som ligg bak det ferdige verket.

I samband med Oslo Open innbyr også stipendiatane Tina Jonsbu, Katrine Køster Holst, Merete Røstad og Franz Schmidt publikum til sine atleier ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Meir informasjon om Oslo Open.

Oslo Open logo