Presentasjon

Frå stipendiat Ane Thon Knutsens utstilling Across the Wires, eit samarbeidsprosjekt førsteamanuensis Maziar Raein og skriftdesignar Ellmer Stefan.

Informasjonsmøte om stipendiatopptak 2018

Kunsthøgskolen i Oslo held ope informasjonsmøte for søkjarar og andre interesserte om stipendiatstillingane og opptaket 2018.

Opptak av informasjonsmøtet (på engelsk).

Tid: onsdag 31.1.2018 kl. 17:00 -19:00
Stad: Kunsthøgskolen i Oslo, Fossveien 24, Auditoriet.

Program

  • Orientering ved Trond Lossius, forskingssjef ved KHiO
  • Spørsmål og svar

Deltaking i møtet er inga føresetnad for å søkje.
Informasjonsmøtet vil bli videofilma, og vil bli tilgjengeleg på nett i etterkant.
Orienteringa vert halden på engelsk.

Stipendiatprogrammet

Kunsthøgskolen i Oslo er med i det nasjonale Stipendiatprogrammet for kunsterisk utviklingsarbeid, og stillingane er innleiingsvis knytt til dette programmet. Kunsthøgskolen er i ferd med å etablere eit eige doktorgradsstudium (PhD) i kunstnarleg utviklingsarbeid. Stipendiatane vil bli overførte til det nye programmet når det har blitt etablert. For tida har Kunsthøgskolen i Oslo 21 aktive stipendiatar fordelte på alle dei seks avdelingane.

For 2018 har Kunsthøgskolen 6 ledige stillingar, og vi søkjer etter stipendiatar med gode prosjekt med nasjonal og internasjonal relevans innafor følgjande fagområde:

  • Koreografi, ved avdeling Dans
  • Interiørarkitektur og møbeldesign, ved avdeling Design
  • Grafikk/teikning, tekstil, metall/smykke og kunst og offentleg rom, ved avdeling Kunst og handverk
  • Biletkunst, ved avdeling Kunstakademiet
  • Utforsking av stemma og stemma sine utfordringar, mogelegheiter, ulike songteknikkar og vedlikehald relatert til klassisk song, ved avdeling Operahøgskolen
  • Teater (kan omfatte skodespel, regi, scenetekst, scenografi og dramaturgi), med prioritering av prosjekt som bidrar til utvikling av generell diskurs, ved avdeling Teaterhøgskolen

Søknadsfrist 15. mars 2018 - NB! alle søknader må sendast elektronisk via portalen JobbNorge

Les meir og finn utfyllande informasjon og lenkje til utlysingstekst: Vil du bli stipendiat på KHiO?