Forestilling

Bilde fra Transiteatret-Bergen, Radiohøyring – Kunsten å høyra saman

Radiohøyring - Kunsten å høyra saman

I høve Dramaturgidagar på KHiO (22.11 – 08.12), blir tre framsyningar (makroetyder) presenterte. Dei er utvikla i tett samarbeid med Transiteatret-Bergen og Prosjektprogrammet for for kunstnarleg utviklingsarbeid, «Nye forestillinger, nye verktøy».

Berre nokre få ord om kva som ligg til grunn for invitasjonen til Radiohøyring

Eg er - og har lenge vore - oppteken av meininga bak dei enkle orda å "høyra saman". Alle kjenner dei. Dei er noko sjølvsagt. Men å knyttast til noko eller nokon vert altså i denne urgamle samanstillinga av to enkle ord knytta til nettopp det å høyra. Ein høyrer altså til (noko) og ein høyrer saman. Og i det å "høyra saman" ligg det samstundes at vi altså er fleire enn ein som høyrer, og at vi i tillegg høyrer dette saman, samstundes. 

Kvifor heiter det ikkje heller å "sjå saman"? Og kvifor må dette gjerast samstundes og ikkje til ulik tid? Og har ikkje det nettopp og med ordet høyring å gjera, med andre ord det ordet vi bruker om dei offisielle samlingene som finn stad etter store katastrofer eller ulykker? Ikkje intervju, ikkje pressekonferanse, ikkje rettsak - men høyring. 

Ok. Det er det heile, det er det som står på spel. Og difor arrangerer vi denne sam-høyringa, der altså det einaste som skal prøvast ut - det einaste eksperimentet - er å testa det grunnleggjande spørsmålet om kva kunst som (no eingong) ligg i det å høyra saman.

Les meir her:

Konsept:
Tore Vagn Lid

Lys:
Norunn Standal

Teknikk:
Mathias Grønsdal

Forlegg:
NRK Radioteatret: “Almenrausch - En radiohøring om den skjulte krigshistorien” av Tore Vagn Lid

Radiohøyring er produsert av Transiteatret-Bergen i samarbeid med Prosjektprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid “Nye Forestillinger, nye verktøy” (KhiO), Lydgalleriet i Bergen og NRK Radioteatret.

Billetter

Bestill billetter

Til Facebookarrangementet

Les mer om Dramaturgidager