3. juni etablerer KHiO det nye Servicesenteret og samlar funksjonane til resepsjon, drift og it til eitt nytt felles møtepunkt.

Målet er at publikum skal ha ein stad å vende seg uavhengig av om ein er gjest, tilsett eller student.

For å markere opninga blir alle tilsette invitert til kaffi måndag 3. juni kl. 09:00-10.00.

Servicesenteret er planlagt som eit felles møtepunkt for resepsjon, drift og it, og der brukaren har ein stad med eitt telefonnummer og ein helpdesk. Dei fleste spørsmål som gjeld adgangskort, parkering, it, drift, utlån av AV-utstyr blir behandla her.

Det er vidare planlagt at utlån av AV-utstyr (utstyrslageret) og lyssetting vil flytte til det gamle servicekontoret (der it og drift har holdt til fram til no).

Sjå den nye intranettsida om servicesenteret her.

Felles skranke

Servicesenteret vil nå bli betjent med tre funksjonar. Sentralbord og resepsjon, drift og it. Resepsjonisten som sit i front, nærast inngangen er den personen eksternt publikum først vender seg til. Brukarstøtta for drift og it blir også betjent frå skranken. I tilknyning til skranken blir det eit eige rom for fotografering til adgangskort slik at det blir betre skjerming av student/tilsett når det blir fotografert.

Sentralbord og resepsjon er betjent i tidsrommet 08:00-15:00 (sommartid) / 15:45.

Publikums-PC

I tilknytning til resepsjonen er det utplassert ein publikums-PC slik at ein sjølv kan søkje etter informasjon. Denne vil på sikt også kunne utviklast til å vere registreringsstasjon for besøkande.

Felles helpdesk

service@khio.no er den nye e-postadressa når du treng hjelp frå resepsjonen, drift eller it. Men dei gamle helpdesk-adressene fungerer framleis ei tid framover.

IT-telefon

For hasteoppdrag, ring 3333 (eller 945 23 333 om du ikkje ringer internt). For andre oppdrag nyttar du e-postadressa service@khio.no

Omorganisering

I samband med omorganiseringa av fellesadministrasjonen var etablering av ein ny Seksjon for service, brukerstøtte og infrastruktur eitt av tiltaka. Nokre av måla med organiseringa av denne nye seksjonen var:

  • Færre skrankefunksjonar
  • Mindre sårbarheit i utføring av oppgåver
  • Betre koordinering

I forhandlingsgrunnlaget med organisasjonane vart det også lagt vekt på:

"Servicesenteret skal representere et felles kontaktpunkt for studenter, ansatte og besøkende. ... Servicesenteret vil ha en viktig rolle som førstelinje for en rekke praktiske spørsmål og vil kunne utvikle svar på «ofte stilte spørsmål». Husets ulike bestillinger av smått og stort vil kunne samles og effektueres fra Servicesenteret. Videre vil det kunne utvikles felles systemer for hvordan avdelinger og seksjoner skal melde inn sine behov for bistand og det kan skapes forutsigbarhet både for de som skal motta tjenesteleveranser og de som skal yte dem"

Etablering av Servicesenteret er ein del av arbeidet for å møte tiltaka som er omhandla i forhandlingsgrunnlaget for omorganisering av fellesadministrasjonen, samt innspela og behov frå avdelingar og seksjonar.

Markeringa 3. juni er  første del av dette arbeidet.