Tilsetjing av ny direktør var hovudsak på styremøtet.

Tilsetjing av direktør

Annemarie Bechmann Hansen vert tilsett som direktør ved Kunsthøgskolen i Oslo i åremålsstilling (6 år). Les meir om tilsetjinga.
Kvalitet i utdanninga

Rektor fekk fullmakt til å ferdigstille innspel til komande stortingsmelding om kvalitet i utdanninga, i tråd med drøftingane i styret.

Kunngjering av stillingar

Seksjonssjef for teknisk produksjon og vikariat som dekan for Operahøgskolen (1 år) blir kunngjort.
Styrets møteplan 2016-2017

5.–6. september 2016, 25. oktober 2016, 13. desember 2016, 7. februar 2017, 14. mars 2017, 2. mai 2017 og 13. juni 2017.

Anna

Styret drøfta også administrasjonens utgreiing om ombygging av lokale, styringssystem for informasjonssikkerheit, arbeid med inngåing av forvaltningsavtale med Statsbygg om Atelierhuset i Paris, årsrapport frå Læringsmiljøutvalet, årsrapport frå Kunstnerisk utviklingsarbeid og forsking og status for arbeidsmiljøundersøkinga.

Referat frå styremøte 3.5.2016 vart godkjent med dei merknadene som var komne inn.

Det vart orientert om stipendiatopptak, arbeid med ny strategi, referat frå IDF-møte, internrekneskap og rekneskap for 1. tertial 2016 og arbeidet i Studentrådet.


Denne oppsummeringa er tilgjengeleg for studentar og tilsette på Kunsthøgskolens intranett. Til vanleg er ikkje vedtak i saker som er unnateke offentlegheit tatt med. Den formelle protokollen frå møtet vert publisert på khio.no etter at referatet er godkjent av styret.