I 2018 fekk Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) stor mediemerksemd på grunn av saker med varsel om mogleg seksuell trakassering. Denne artikkelen gjev eit oversyn over kva institusjonen har gjort med dei konkrete varslingssakene, og andre tiltak og prosessar som er sett i gong for å sikre at institusjonen har eit trygt studie- og læringsmiljø.

KHiO var den institusjonen innan UH-sektoren som først fekk offentlegheitas søkelys retta mot seg i ei slik sak, og det skjedde parallelt med at #metoo-aksjonen vaks fram i mange land.

Ved varslingssaker kan det lett danne seg rykte, mytar og forestillingar – både innad i institusjonen, i sosiale media og hos media generelt.

Denne faktainformasjonen er utarbeidd for å, internt ved KHiO, gje studentar og -tilsette informasjon om både faktiske tilhøve, korleis institusjonen handterer varslingssaker og kva tiltak som vert sette inn for å sikre eit trygt studie- og arbeidsmiljø.

Nulltoleranse

Etiske retningslinjer for KHiO vart fastsett av styret i juni 2015. Retningslinjene fastslår:

  • Nulltoleranse for mobbing og trakassering på KHiO
  • Medvit, ansvar, kritisk tenking og ordskifte rundt tilhøvet tilsett – student, asymmetri i undervisning og rettleiingssituasjonar
  • Rettleiing og hjelp om varsling om kritikkverdige tilhøve med involvering av ein uavhengig tredjepart

Sei ifrå om læringsmiljøet er ei intranettside for studentar som gjev orientering om kva ein bør vite ved varsling. Her finst også oversikt over rutinar (kva som skjer) ved varslingssaker, skjema og kven som kan helpe deg.

Varslingssaker

Oversikt

KHiO har, etter desember 2017, arbeidd med fem varslingssaker.

  • Desember 2017 - tre saker meldt til Kunnskapsdepartementet (KD-varselet*)
  • Juni 2018 - to saker meldt til KHiO

Dei fem varslingssakene dreier seg om fire tilsette. Det er varsla om uønskt seksuell merksemd/seksuell trakassering mot tre av de fire tilsette. Sakene der det er varsla om uønskt seksuell merksemd/seksuell trakassering dreier seg om hendingar som i hovudsak ligg tilbake i tid. Sakene vert likevel handsama som «nye» fordi informasjonen kom i 2018, ikkje fordi hendingane skjedde dette året.

Handsaming og konklusjonar

I KD-varselet* (tre saker) frå desember 2017 vart det i juni 2018, etter at saka var handsama i ei eiga varslingsgruppe med eksterne rådgjevarar, konkludert slik:

  • at det er sannsynliggjort at det i ei av sakene har skjedd brot på allmenne normer for akseptabel åtferd, tilfelle av seksuell trakassering og brot på dei etiske retningslinjene til KHiO. Saka har ført til avskjed.
  • at det i ei annen sak ikkje er grunnlag for å konkludere med handlingar som representerer seksuell trakassering, men det er sannsynliggjort at det har skjedd brot på dei etiske retningslinjene til KHiO. Den tilsette har sagt opp stillinga.
  • at ein i den tredje saka står ovanfor en situasjon der påstanden om at det har skjedd seksuell trakassering/tilnærmingar ikkje er tilstrekkelig underbygd og saka difor må avsluttast.

Dei eksterne rådgjevarane av varslingsgruppa konkluderte med at KHiO ved eit høve ikkje gjennomførte referansesjekk og ikkje har klare retningslinjer ved referansesjekk. Eit varsel frå 2010 vart ikkje følgt opp og rådgjevarane har også vurdert enkelte punkt som kunne ha vore handtert betre.

Dei eksterne rådgjevarane fann ikkje grunnlag for kritikken om interne relasjonar mellom tilsette skal ha hindra eller vanskeleggjort arbeidet med varsling, og dei fann at dei øvrige varsla, trass enkelte forbetringspunkt, er handtert på ein god måte.

KHiO-varselet (to saker) frå juni 2018 vart konkludert i desember 2018 med avskjed av ein tilsett i undervisnings- og forskarstilling. (Vedtaket kan påklagast).

Handlingsplan for eit trygt studiemiljø

Tiltak - gjennomført

Varlingssakene og arbeidet for eit trygt studiemiljø har vore tema i alle formelle organ intent ved KHiO, arbeidsmiljøutval, læringsmiljøutval, tilsetjingsråd og leiargruppe, i tillegg til at det har vore tema på møte i fagavdelingane. Styret har handsama varslingssakene og revidert rutinane for varsling.

Følgjande tiltak er sette i verk:

#medlysetpå. Ny handlingsplan for trygt studie- og arbeidsmiljø med oppretting av varslingsnemnd (til KD-varselet*), fokus på doble relasjonar, system, organisasjonsevaluering, kultur og kompetanse.
Pdf, 08.01.2018 (under seinare revisjon)

Between the lines. Avdeling Kunstakademiet arrangerte utstillinga «Between the lines – kunstnernes svar på #metoo». 118 kunstnarar deltok i ei gruppeutstilling som ein reaksjon på #metoo. Målet var å skape medvit rundt problematiske uttrykk for maktdynamikk som framleis eksisterer både i samfunnet og i kunstinstitusjonane. Fleire kunstverk vart deretter hengde opp på meir permanent basis i lokala på KHiO.

Interne møte. Det er gjennomført fleire allmøte for studentar og tilsette. Tema på kollegiemøte og allmøte i alle avdelingar.

Temaseminar. To internseminar med deltaking frå Likestillingsombodet om «Forebygging og håndtering av seksuell trakassering på arbeidsplassen» og advokatfirmaet Hjorth om «Trakassering i arbeidslivet»

Intranettsida for studentar, sei ifrå om læringsmiljøet, er omarbeidd med tydelegare informasjon om regelverk og rettleiing i korleis ein kan varsle om saker som gjeld læringsmiljøet. Her finst også etiske retningslinjer for KHiO, rutinar og skjema for varsling.

Brev frå rektor. Studentar og tilsette har motteke tre brev frå rektor om asymmetriske relasjonar og #metoo-kampanjen, og #metoo og vennekultur i akademika, og fakta om varslingssaker på KHiO.

Tiltak – under arbeid

#medlysetpå. Revisjon av handlingsplan for trygt studie- og arbeidsmiljø

Etiske retningslinjer. Gjennomgang av etiske retningslinjer for KHiO med sikte på å forenkle språk og utarbeide ein Vær varsam-plakat om etikk.

UHR. Rektor på KHiO deltek i Universitets- og høgskolerådets (UHR) arbeidsgruppe mot mobbing og trakassering i UH-sektoren. KHiO, Universitetet i Oslo og Universitetet i Agder inviterer dei andre UH-institusjonane til å bli med i ei felles kartlegging av mobbing og trakassering i sektoren. 25 institusjonar har meldt at dei ynskjer å delta i ei nasjonal kartlegging av mobbing og trakassering i UH-sektoren. Undersøkinga vil bli gjennomført i 2019.

Varlingsnemnd. Oppretting av varslingsnemnd med eksterne deltakarar.

Generelt om handsaming av varsel og personalsaker

Varslingssaker mot enkelttilsette er personalsaker underlagt teieplikt og unnateke offentlegheit, jf. Forvaltningslova § 13 og Offentleglova § 13. KHiO følgjer kontradiksjonsprinsippet der den som er omfatta av eit varsel har rett til å uttale seg og gje sitt syn og framstilling. Den som er omfatta av varsel har også rett til å la seg representere ved ein advokat eller representant frå arbeidstakarorganisasjon.

Varsel kan bli levert inn anonymt og varslarar kan stille krav om anonymitet.

Både kravet om anonymitet og kontradiksjonsprinsippet vil kunne påverke prosessen for kor lang tid det går før institusjonen fattar vedtak i saka. Eit vedtak vil normalt også normalt kunne ankast inn for ei høgare vedtaksmyndigheit.

Innsyn

Media og andre har tilgang til offentleg journal som er tilgjengeleg på khio.no
Korrespondanse til og frå KHiO går fram av KHiOs offentlege postjournal.

Ved ønske om innsyn gjeld ei rettleiingsplikt i samsvar med Forvaltningslova § 11. For partar i ei sak gjeld rett til innsyn i samsvar med Forvaltningslova § 18. Ønske om innsyn må sendast skriftleg til postmottak@khio.no.

Saker av denne typen vert deretter administrativt handsama av direktør.

Rektor gjev kommentarar til media på vegne av KHiO.

Førespurnader frå media bør i størst mogleg grad koordinerast gjennom kommunikasjonssteamet som følgjer dei opp internt og eksternt.

Sjå elles utfyllande informasjon på khio.no

KHiO, revidert 7. februar 2019


* 18.12.2017 mottok Kunnskapsdepartementet (Kd) varsel om seksuell trakassering ved KHiO. Varslarane ønskte å vere anonyme. På bakgrunn av varselet vart rektor og direktør kalla inn til møte med Kd 21.12.2017. Den 22.12.2017 sendte Kd brev til KHiO med krav om oppfølging av varslingssaka, dette brevet blei same dag besvart. Breva er offentlege og framgår av departementets og KHiOs journal. KD-varselet dreidde seg om tre personar, det var fleire historier på kvar av dei tre tilsette. Dei ulike historiene er ikkje handtert som eigne varslingssaker, men dei vert gjerne omtalt som fleire varsel. Ei sak inneheld altså fleire historier.