Performance

Avgang 2019: Framund

Fredrik Høstaker er einaste skodespelar på masterstudiet i teater. Dessverre har Fredrik Høstaker forsvunne og kan ikkje spele i sin eigen framsyning. Dette er hans avgang.

NYHEIT!
Det er oppdaga eit ukjent objekt i solsystemet vårt. Opptaka viser at det ikkje kan vere ein normal asteroide eller komet, fordi objektet har for høg hastigheit til å tilhøyre vårt solsystem. Objektet er om lag 400 meter langt og har ein sigarliknande form. Forskarar meiner den er dekt i karbonrikt materiale, for å beskytte det isete materialet på innsida frå å smelte ved passering av sola. Observatoriet på Hawaii har kalla objektet ‘Oumuamua’ som tyder bodbringar frå eit fjernt strøk og ei anna tid. Harvard-professor Avi Loeb meiner Oumuamua er eit romskip frå ein framand sivilisasjon som er her på besøk. 

Medverkande

Fredrik Høstaker: konsept og regi
Helle Bendixen: medskapande aktør og scenografi
Mats Høstaker: komponist og musikar
Tale Næss:  aktør og live-skrivar
Kristoffer Veiersted: skodespelar
Oscar Udbye: lysdesign
Synne R. Føreland: kostymeansvarleg og produksjonsassistent
Torgeir Gabrielsen: teknikar

Framsyningane

"Framund" blir utforska i to format:

23. mai blir "Framund" spelt i sin heilskap. Framsyninga begynner 14:00 og varer i ca 4 timar.

25. mai inngår "Framund" i ein hybrid saman med "The Wild Duck: Prologue" av Goro Tronsmo og medskapande skodespelarar Paal Herman Ims og Fredrik Høstaker. Framsyninga begynner 18:00 og varer i ca. 5 timar og 30 min.

Rettleiarar

Petter Width Kristiansen
Tore Vagn Lid

Ekstern-intern rettleiar

Goro Tronsmo

Billettar

Framsyninga er gratis, men billettar må bestillast her.
NB: Framsyninga 25/5 er ein fusjon mellom Fredrik Høstakers "Framund" og Goro Tronsmos "The wild duck". Du treng berre ein billett

Følg framsyninga på Facebook