Performance

Foto: Det Norske Teatret/Eirik Malmo

Avgang 2019: Dette barnet

Jon Tombre er avgangsstudent i master teater. "Dette barnet" av Joël Pommerat settes i scene på Det Norske Teatret, og er del av Tombres masterprosjekt.

Frå Det Norske Teatrets nettside:

Om den umoglege oppgåva å vere ein god forelder

Gjennom ti novelleaktige scenar frå ulike familiar får vi innblikk i det mangfaldige forholdet mellom barn og foreldra deira.

Alle er nokon sine barn. Kvar familie har ei historie. Kvart nye barn, kvar nye familie ber i seg eit håp om ei lys framtid og ein draum om eit betre liv. Eit barn kan vere ein måte å realisere seg sjølv på, eit uhell eller eit sterkt ønske. Bandet mellom barn og forelder er evig. Verkelegheita er sjeldan slik ein drøymer om, men kan ha mange – eller færre – lykkelege augeblikk. Å oppdra eit barn er som å støype i sand: Du kan prøve å forme det i ditt bilde, sette ditt preg på det. Men det blir ofte ikkje slik du hadde sett for deg, og kan lett gå i sundt.

Kunstnarleg lag

Omsetjing: Tove Bakke
Regissør: Jon Tombre
Scenograf og kostymedesignar: Lawrence Malstaf
Lysdesignar: Per Willy Liholm
Komponist: Amund Sjølie Sveen
Dramaturg: Anders Hasmo

Varigheit på framsyninga blir klar nærmare premiere.

Billettar

Billettar og meir informasjon på detnorsketeatret.no