Operahøgskolen har 1 ledig studieplass til masterstudiet i opera. Det vil difor bli gjennomført supplerande opptaksprøver for å fylle studieplassen og rangere kvalifiserte kandidatar til venteliste.

Søknadsfrist: torsdag 24. mai kl. 23:59.

For å bli vurdert må du registrere søknad på Søknadsweb og laste opp utfylt søknadsvedlegg og all dokumentasjon før fristen.

Opptakskrav og nærmare informasjon om dokumentopplasting finn du på side 4 og 5 i søknadsvedlegget. Last ned søknadsvedlegg. Sjå elles informasjon om studieprogram og opptak her.

Tidspunkt for opptaksprøve

Opptaksprøven blir gjennomført måndag 28. mai på ettermiddagstid (med atterhald om endringar ved høgt søkjartal). Det blir ikkje tildelt tidspunkt for opptaksprøve før etter at fristen er gått ut. Det er kun søkjarar som dekkjer dei formelle opptakskrava som blir kalla inn til opptaksprøven.

Nærmare informasjon om opptaksprøven finnast i søknadsrettleiinga i søknadsvedlegget (side 5).

For å bli innstilt til studie- eller ventelisteplass må søkjaren vise eit særleg talent for musikkdramatisk uttrykk. I tillegg til individuell vurdering av søkjaren blir det ved innstilling teke omsyn til stemmefagleg samansetjing av studentgruppa. Grunna mangel på tenor/baryton/bass kan desse stemmegruppene bli prioriterte.