Tora Endestad Bjørkheim.

Tora Endestad Bjørkheim er tilsett i stilling som høgskulelektor i tekstilkunst ved Kunst og handverk. Ho startar i 40% åremålstilling for ein periode på 4 år. Første dag er 15. august.

Tora Endestad Bjørkheim er kunstnar med base i Oslo. Saman med Johnny Herbert starta ho avispublikasjonen Grafters’ Quarterly i 2014, som i dei fire første utgåvene har fokusert på improvisasjon, abstraksjon, fetisjisme, arbeid og rytme. Ho har seinare og arbeida med oppdragsbasert tekstproduksjon. Bjørkheim er medlem av redaksjonsrådet i Norwegian Crafts og Tidsskriftet Kunsthåndverk, og var i 2016 gjesteredaktør for sistnevnte. I 2017 vart ho vald inn som styremedlem i Norske Kunsthåndverkere.

I arbeidet sitt utforskar ho det liminale potensiale i kunsthandverk og forsøker å skape flytande og formelege situasjonar, som midlertidig oppløyser forventningar knytta til funksjonalitet og rom.

–Sidan eg sjølv er opptatt av tekstile material og teknikkar si evne til å skape både mentale og sosiale rom - til kollektivitet og samhandling - har det vore naturleg for meg å engasjere meg i formidling og undervising i tillegg til, og som ein del av, mitt eige kunstnarlege virke. Eg ser derfor veldig fram til å ta til i jobben på KHiO. Eg gler meg til å verte kjent med studentane, til å følge arbeidet deira gjennom utdanningsløpet, til å støtte, lytte, samtale med og utfordre dei – og sjølvsagt og å verte utfordra tilbake!

Fagområdeansvarleg for teksilkunst Hans Hamid Rasmussen, seier at både studentar og tilsette ser fram til at Tora Endestad Bjørkheim skal begynne.

–Bjørkheim har god erfaring både som visuell kunstnar og i kraft av omfattande arbeid med å utvikle tekst og publikasjonar. Bjørkheim er utdanna ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen, det tenkjer eg vil komplementere tenkinga til fagområdet, og ho skal bidra i undervisinga både som vegleiar og i utvikling av Lab undervising.

Bio:

Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986) har bachelor- og mastergrad frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen.

Utstillingar og prosjekt inkluderer, mellom anna Flat Factory Study Sample, Visningsrommet USF, Bergen; Omformulerte forekomster, Kunstnerforbundet, Oslo; The Partisan Café, Bergen Assembly 2016; Tora Endestad Bjørkheim & Bjørn-Henrik Lybeck, Entrée, Bergen; Moscow Biennale for Young Art III, Moscow Museum of Modern Art, Moskva.