Mårten Spångberg
Foto: Martijn van Nieuwenhuyzen (utsnitt)

Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Mårten Spångberg som professor II i koreografi og dramaturgi. 1. august tiltrer han 20 % stilling for å arbeide med samarbeidsprosjekt og fellesundervisning for masterstudentane i teater, koreografi og dans.

- Mårten Spångberg er i dag blant dei mest ettertrakta kunstnarane på det internasjonalt kuraterte scenekunstfeltet, seier dekan ved Balletthøgskolen, Suzanne Bjørneboe, i ein kommentar. - Både i kunstnarleg praksis og teoretisk produksjon har Spångberg vore sentral i å utvide omgrepet koreografi frå ein dansespesifikk til almennkunstnarleg diskurs.

- Spångberg vil, i kraft at sitt namn og posisjon, bety ei styrking av scenekunstkollegiets internasjonale renommé, seier dekan ved Teaterhøgskolen, Jon Refsdal Moe. - Han vil bidra til ei felles praksis- og diskursutvikling på tvers av avdelingane, og på tvers av grensene mellom dei visuelle faga og scenekunstfaga.

- Utdanning og læring har alltid vore ein essensiell del av praksisen min, seier Mårten Spångberg. - Stillinga ved KHiO vert eit unikt høve til å forske i ein variert og stimulerande kontekst. For meg har gråsonene alltid vore dei mest interessante romma og skjeringspunkta mellom dans og teater vert spesielt spanande å utforske saman med studentane.

Mårten Spångberg er koreograf, kritikar og skribent og utdanna i musikkologi, teater- og dansevitskap frå Stockholms konstnärliga högskola. Han har lang erfaring med å undervise i teori og praksis m.a. frå masterstudiet i koreografi ved DOCH i Stockholm. Hans første bok Spangbergianism blei utgitt i 2011. To av hans siste arbeid som koreograf er dei kritikarroste framsyningane Natten og La Substance, but in English som begge blei vist ved Black Box teater. Hans nyaste verk Digital Technology vart vist under Oslo Internasjonale Teaterfestival i mars. Spångberg har gjennom ei årrekke kuratert mange festivalar. Han er oppteken av å sjå koreografi i eit utvida felt, noko han tilnærmar seg gjennom eksperimentell praksis og kreative prosessar i eit mangfald av format og uttrykk.

Professor II-stillinga ved KHiO er ei 20 % undervisningsstilling delt mellom avdeling Teaterhøgskolen og avdeling Balletthøgskolen med undervisning og rettleiing ved masterstudia i teater, dans og koreografi, særleg emna produksjon, utvikling av konsept og omgrep i tillegg til kunst- og danseteori.
Balletthøgskolen og Teaterhøgskolen har ansvar for utdanning, formidling og kunstnarleg utviklingsarbeid innan teater, dans og koreografi. Avdelingane har også eit ansvar for nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt.

Pressekontakt

Suzanne Bjørneboe, dekan ved avdeling Balletthøgskolen
Tlf.: +47 952 18 335, e-post: suzanne.bjorneboe@khio.no

Jon Refsdal Moe, dekan ved Teaterhøgskolen
Tlf.: +47 480 39 689, e-post: jonrmoe@khio.no

Mårten Spångberg
Tlf.: +46 729 14 81 12, e-post: marten.spangberg@gmail.com