Styret har i møte 12. juni 2018 bestemt at KHiO skal ha valt rektor i den neste perioden.

Etter Lov om universitet og høgskolar kan eit universitet eller ein høgskole fastsetje ei ordning der rektor kan utpeikast ved val dersom styret fattar vedtak om dette.

Styret har i møte 12. juni 2018, med 8 mot 3 røyster, fastsett at ordninga dei neste fire åra er at Kunsthøgskolen i Oslo har ei ordning med valt rektor som også er styreleiar. Mindretalet røysta for å gå over til ei ordning med tilsett rektor og ekstern styreleiar.

I dei tre siste periodane har KHiO hatt valt rektor. I dag er Jørn Mortensen valt til rektor og Merete Lingjærde er prorektor.

Styrevedtaket inneber at det vil bli tillyst internt val av rektor ved KHiO for ein ny fireårsperiode frå august 2019.

Parallelt skal det oppnemnast personar for ein ny styreperiode. Styret ved KHiO har 11 medlemer. Valt rektor er styreleiar. I tillegg oppnemner Kunnskapsdepartementet 4 eksterne medlemer, 3 medlemer er valt av fagleg tilsette og 1 av administrativt tilsette. 2 representantar er valt av studentane.

Kunsthøgskolen i Oslo vil sende eiga melding til Kunnskapsdepartementet med orientering om styrets vedtak som er heimla i UH-lovas § 10-2.