Jorge Manilla Navarrete
Foto: Rika Van Hoeve

Kunsthøgskolen har tilsett Jorge Manilla som professor og fagområdeansvarleg i metall og smykkekunst ved avdeling Kunst og handverk.

- Eg er stolt og glad for at Jorge Manilla har takka ja til eit professorat på KHiO, seier Ellen Aslaksen, dekan ved avdeling Kunst og handverk. - Jorge Manilla er ein aktiv og tydeleg stemme i det internasjonale metall- og smykkefeltet. Han er ein kunstnar med eit stort engasjement og entusiasme for undervisning og samarbeid med studentane. Bakgrunnen frå både Sør-Amerika og Europa gir ei særeigen breidde til kunstnarskapen og til hans pedagogiske ambisjonar. Manilla vil bli eit viktig bidrag til vidareutviklinga av metall- og smykkeundervisninga ved avdeling Kunst og handverk. Vi gler oss til å samarbeide med han, seier Ellen Aslaksen.

Jorge Manilla Navarrete er opphaveleg frå Mexico og bur og arbeider for tida i Belgia. Han er utdanna frå San Carlos Academy og Escuela de Diseño y Artesanías (INBA) i Mexico City. I 2003 tok han bachelor i skulptur ved The Royal Academy of Fine Art i Ghent. I 2006 master i smykkekunst og sølvsmed frå St Lucas University College. Han arbeider for tida med ein PhD med tittelen «Other Bodies Design» ved Royal Academy of Fine Arts i Antwerpen, Belgia og underviser også ved fleire kunsthøgskolar på dei fem kontinenta.

Manilla skal arbeide som professor og fagområdeansvarleg i metall og smykkekunst. Fagområdet vektlegg prosessorienterte arbeidsmetodar med moglegheit for spesialisering i materialtilverking innan smykkekunst og korpus/objekt/skulptur. Til professoratet ligg ansvar for undervisning, rettleiing og kunstnarleg utviklingsarbeid og å ta omsyn til både fagets historie og til utviklingstrekk i samtidskunsten.

Jorge Manilla tiltrer stillinga 1. januar 2017 i eit åremål på seks år. Han tar over etter Anders Ljungberg.

Sjå også nettstaden www.jorgemanilla.com

Les også intervjuet i Art Jewellery Forum "Jorge Manilla: Oscurate Sacrifices"