Foto: Andreas Bennin

Huset er no ferdig rehabilitert og blir gjenopna for studie- og arbeidsopphald. Atelierhuset har i fleire år vore i veldig dårleg stand i praksis vore stengt dei siste åra.

I 1939 kjøpte Statens kunstakademi eit atelierhus i Arcueil, ein liten kommune sør for Paris. Kjøpet var mogleggjort fordi det var samla inn pengar for å skaffe ein bu- og arbeidsstad for studentar og nyutdanna kunstnarar. Gjennom ei form for "Artist in Residence" har gjennom tida som har gått meir enn 500 kunstnarar, mange kjente namn frå norsk kunsthistorie, leigd seg inn i huset for å kunne drive med kreativt arbeid og, for ein billeg penge, kunne opphalde seg og hente inspirasjon ein annan stad enn i sitt vante miljø.

Les også: Atelierhuset i Arcueil


Rehabilitering for 3 millionar

Innanfor ei kostnadsramme på 3 millionar kr frå KHiOs investeringsbudsjett har Statsbygg gjennomført ei fullstendig innvendig rehabilitering med isolering, behandling av alle overflater, golv, utskifting av vindauge, bad- og kjøkkeninnreiing, elektrisk anlegg og fyringsanlegg. Det blir også kjøpt inn ein del nye møblar.

Frå november 2017 blir Atelierhuset stilt til rådvelde for ein ny generasjon studentar ved KHiO for kortare studieopphold eller prosjektarbeid relatert til studiet.